Løyndommar hjå sunniva.garden

Lagt ut den 8. des 2024

Denne nettstaden vart først oppretta den 6. des 2024 (altso, to dagar før dette innlegget vart skreve), og han er splitter ny. Men han er ikkje slik han verkar; han løyner faktisk mange ting.

Løyndom 1: Feilsider

Det kjem ikkje ei tid der ting ikkje vil gå gale. Det er berre eit faktum av livet at ting gjel stundom. Folk glepp ting, folk sklid, ting sprekk, og det er ikkje so mykje att som me kan gjera om dette. Men eg vil jo ikkje at nettstaden min skal kræsje og tilbyde øydelagte ting til lesaren (altso, deg!). so valde eg å laga avanserte feilsider for denne nettstaden, slik at når noko går gale, so er det ikkje heilt fortapt. Kort sagt, denne nettstaden vil ikkje syne deg ei blank kvit side om noko går gale.

Men kvifor er dette særlig? Mange nettstadar byd på sider som fortel brukaren at noko har gått gale. Det kan eg svare på! Desse er særlege fordi dei vert tilpassa til kva for ein feil som oppstod. Dersom sida kunne ikkje verte funne (t.d. denne sida er ugyldig og finst ikkje), vil den syne deg ei feilside med dei gyldige delane av stigen øvst på sida. Nettstaden skal òg bruke språket av innhaldet: dette kan gjerast fordi kvart språk har sine eigne adresser på nettstaden. Dette tydar at, til dømes, du skal ikkje finna noko på svensk når det er ein /nn/ (kortform for nynorsk) i adressa.

Når noko anna går gale, eller sida ein prøver å nå fram til ikkje har eit språk, vert noko anna synt. Ta til dømes sida sunniva.garden/tekanne (som aldri vil kunna lastast inn). Når du navigerer dit, skal ei feilside med feilkoden synast, slik at du kan meddele feilen med meg og få feilen fiksa. Denne sida tilpassar seg til språket du har valt på eininga di, i staden for å fylgje språket som oppgjeve av adressa. Dette leiar oss til den andre løyndommen…

Løyndom 2: Språktilpassing

Denne nettstaden støttar i hovudsak fire språk: bokmål, nynorsk, svensk, og engelsk. Men nettlesarar lèt brukarar å velja langt fleire enn desse fire. Korleis kan nettstaden veta kva for eit språk han burde bruke då? Han har eit løynt triks for dette, faktisk.

Nettlesaren din send ut ei liste over kva for nokre språk du føretrekkjer å bruke, og ho går i ei rekkjefylgje slik at språket man føretrekkjer først, er på toppen, og so språk man kan lesa men ikkje føretrekkjer so sterkt vert oppført under. Dette tillèt nettstaden til å sjå denne lista, og so velja det første av dei fire støtta språka for å framsyne innhaldet på. Dersom ingen støtta språk finst på lista, vel han engelsk som standard.

Men det er viktig å hugse at innhaldet er ikkje det same på alle språk som vert støtta av denne nettstaden. Derfor brukar denne sida denne funksjonen kun i tre tilfelle: når sida sunniva.garden (utan vidare tillegg på slutten) vert opna, når sida sunniva.garden/blog vert opna, og på den generelle feilsida nemnt tidlegare.

Dette tydar at om eininga di brukar nynorsk som standardspråk, vil ho navigere til den nynorske utgåva av denne nettstaden som standard. Det er ein ganske kul funksjon! (Ifylgje meg, i det minste.)

Løyndom 3: Framsyning av bloggen

Denne bloggen brukar faktisk bare éi HTML-fil for å syne alt på bloggen. Korleis? Dette kan me finna ut av ganske raskt. Serveren til denne nettstaden er konfigurert slik at malar kan brukast i HTML-koden for å forenkle nokre langtekkelige deler av filene: til dømes, vert opplysingsavsnittet lasta inn slik på kvar side. Dette gjer det lett å endre på ikonet til nettstaden utan å måtte blada igjennom store mengder filer.

Denne funksjonen vert bruka av alle bloggsider for å oppdaga og laste inn innhald før den ferdig lasta sida når fram til deg eingong: serveren gjer alt arbeidet for deg. Han finn Markdown-fila som samsvarar med adressa du ligg på i nettlesaren, og forvandlar ho til HTML slik at ho kan verte til innhaldet som du ser på akkurat no.

Filene er skrevne på Markdown, jau: men kva tydar det? HTML er kva nettlesaren din brukar for å gjengje innhaldet på ei side, men HTML er ganske vanskelig å forstå. Derfor vel eg å bruke Markdown i staden: Markdown ser for det meste ut som vanleg tekst som ein kunne ha skreve i Microsoft Word, men med nokre få teikn kan man oppgje korleis man vil setja opp teksten med overskrift, kursiv skrift, og meir. so kan desse Markdown-filene forvandlast til HTML og gjengjevast i nettlesaren din. Dette gjer det lett for meg å skriva ting og lett for deg å lesa ting!

Løyndom 4: Innhaldslister

Men denne nettstaden har mange sider, sant? Då blir det vanskeleg å halde styr på antalet sider. Men me treng ikkje å bekymre oss, me har jo innhaldslista! Ho syner alle moglege riktige sider på nettstaden. Ho kan i tillegg syne tilknytingar mellom språk for visse sider. Men korleis klarar ho det?

Svaret er (nok slik som du føresa) malane. HTML-en tek seg av lenkjene til andre delar av sida og til det nedre avsnittet på den bokmålske sida, men når du vel å syn eller skjul språktilknytingane, vert magien av malane brukt. Malar kan lesa frå adressa i nettlesaren din, og lenkja til å vise eller skjule tilknytingar legg til en liten streng på slutten av adressa. Dette tillèt serveren å få veta at du vil sjå tilknytingane, og so syne deg dei. Artig, ikke sant?


Det er alt som denne nettstaden har å løyne. Alt har vorte openberra! Og so har eg ikkje noko meir å skriva om. Eg håpar at du naut det medan du las dette innlegget. Me snakkast!