klokka veks fram (eit dikt)

byrja

heisann
hei!!
er det deg?
yupp

eg legg blyanten på arket
og rører handi sånn at han legg merke på arket
han er utsliten eg kan sjå dei små korni rundt linja mi
og linja snur seg og gjeng att og fram på papiret

me snakka so mykje

det var so mørkt
men det vart so ljost då me snakka so mykje
tenk deg, eg lærte meg eit nytt språk
for deg!

deg
for deg
fyrir þér

pip-pip!
eg er Appelsin
klokka veks fram i det eg teiknar for deg
eg skriv på arket, til Ole
og som klokka gjeng veks vårt vennskap

då det nesten gjekk

Appelsin la ved eit bilete
t-bana!!!!

du smilte
eg smilte
me lo
latter gjekk att og fram gjennom den undersjøiska leidningi som koplar oss saman
me hadde jo tusenvis av ark, fylt opp med linjer og teikningar

ein gong var eg i fjøri i sogndal
distansen var nesten null
men det var ein fest ein konsert du ville gange på
dessutan kunne du ikkje overbevise andre
gjekk ikkje den gongen
kva om det gjorde det

du hev oppdaga noko nytt
du likar konsertar og festar og lagar so mange nye venar
eg føler meg uverdug for eg hatar deim
eg øygjer eit oppslag og lyt vende meg unna
heller vil eg sjå or gluggen på fjorden

pip-pip!
eg er Appelsin
klokka veks fram i det eg øygjer havet frå åsane på øyi
er ikkje det morosamt at eg bur i nøysemdi? det er kva nabolaget mitt heiter
dette nøygjest eg ikkje med

eg missa øyretelefonane mine øyro mine treng deim
eg gjeng på elkjøp for å kjøpe nye
so tenkjer eg
etterlèst eg då

studium

tidi gjekk og eg sit åleine i det mørke rommet mitt
det gamle rommet mitt vart øydelagt av vatn
no er det snart fadderveka segjer du, det vert morosamt
alle veit at det skal tyde at ein drikk alkohol vel
eg bekymrer meg utan grunn
kva om tryggleiken din kva om noko finn stad
og eg ikkje kan verne deg
kva so
det er ikkje greitt at eg er redd

du hev det so morosamt
medan eg sit i stille i mitt mørke rom
eg avundar deg
kva for nokre løyndommar hev du då

soli held på å drepa meg i det eg ventar uti
me gjeng frå kvarandre me les
er vennskapet vårt gjenge
eg ropar, kan me klemme
du læst ikkje lesa det eg skreiv
tek du imot deg eg segjer
eg er lei

pip-pip!
eg er Appelsin
eg bur under ei seng
klokka veks fram i det eg vert galen av einsemd
korleis er karakterane mine framleis gode
dei mun falle
eg mun falle

men fallande kan eg likevel ikkje vera
eg søkk i hop i staden
kjem du i hug eller

det fyrste gode slaget

ho-ho! du er lukkeleg
no hev du kjærast
men kvifor er eg opprørt eg likar deg kanskje men det stemmer ikkje
eg fortel deg det

so kjem eit svar
frå ei manneskja til ei anna

eg kan sikkert iallfall segja sånn eg ser du føler det sånn
ja nei eg kan nok ikkje gjera noko sånt

eit godt slag
blyanten min sprekk og det vesle kornet han etterlèt seg stend att på arket

er ikkje det morosamt at du handsama dette so bra
eg vart ikkje so knust
med smærre ting gjer du meg vondt stundom då og beklager aldri
kvifor det då

for meg er du aaa-aaa-alt, og eg er aaa-aaa-altfor svak
so læt det i høgttalarane
eg græt og høyrer på låta gong på gong på gong

kjære Ole, eg visste svaret du skulle gje meg, men eg er likevel knust
det var jo sant! eg var heilt knust
eg skulle ynskje at du visste
korleis du skulle handsama det når eg delte personlege ting med deg

men so flink kan du likevel ikkje vera
og vennskapet tydar meg so mykje at eg tør ikkje drage

pip-pip!
eg er Appelsin
klokka veks fram i det eg søkjer etter andre venar
men andre venar finn eg ikkje
eg fann ei men ho sagde so at ho hata meg
so vart det berre deg

hi-hi!
eg er Appelsin
eg bur under vekti av samtala vår
klokka veks fram i det eg vert galen av einsemd
kvifor forstend du ikkje korleis det er

treff

ho-ho!
eg er heime i oslo
det vart ei fin ljosframstilling på rådhuset i dag
togdørene pip på ruters bana
sånn som dei peip fyrr
me skal møtast veldig snart og eg gler meg

hi-hi!
me sit inntil kvarandre i biiblioteket og les
me gjeng på café og bestiller kaffe
alt er so fint det veit du vel og me hev det morosamt
eg raudna for di einsemdi brydde meg ikkje lenger

eg hev ei ny bok og eg teiknar i ho
so teiknar du i ho òg
du øygjer kva eg skreiv og spør meg om det
for ein fin måte å byrja eit nytt år på

TROLLMANNENS HATT av Tove Jansson
mummitrollet og too-tikki
og eit andlet som stirrer på meg
som flyt på sida
tusund sidur av gode kjensler

me gjeng våre åtskilde vegar
eg græt
eg saknar deg

pip-pip!
eg er Appelsin
klokka veks fram i det jeg tenkjer på at eg aldri kalla deg for Ole medan me var saman
eg vil vera din ven i ære sånn at eg får møte deg att
kjære ole

du svann

kvar gjekk du

eg saknar deg
eit nytt ark, kvitt
du tok fram pennen og teikna eit spørsmålsteikn
so forsvann du

eit godt slag
det var so mørkt
det vart ikkje ljost denne gongen
hev eg endeleg vorte til bry då

stikk meg tusund gongar
stikk meg fyrr eg angrar
læt det i høgttalarane i rommet mitt
omoikkiri ikki niiii
klapp, klapp, klapp!
er det ado som mun redde meg
ho som syng på japansk

eg tenkjer om ting
eg hadde aldri heller kalla deg for kjære
korleis skulle du reagere dersom eg gjorde det
eg vil gjera det
hev du gløymd at me teikna i dagboki saman
du las kva eg skreiv du veit korleis eg føler du er min ven min nærmaste ven
det var vel unaudsynt med eit spørsmålsteikn tenkjer du vel
semst me over det

eg fokuserte meg ikkje
det tikkar inn på datamaskina appelsin hev try einarar
kva skjedde med ho som fekk seksarar?
hei kva skjer du skjer hjarta mitt

pip-pip!
eg er Appelsin
klokka veks fram i det eg tegjer under senga mi
ei lita appelsin kan ikkje verte mindre

brot

eg prøver mitt beste men so kjem det ei melding
dra til helvete segjer du du krev for mykje
synd at du tykkjer sånn
dersom du stend for det du sagde
kanskje gjer du det ikkje men likevel
veit du kor forferdeleg det er å vera åleine
veit du korleis det forvrengjer hovudet

ado ho redder meg att nok ein gong
eg sender deg eit kattbilete for å lækje forholdet
hev du innsett at det vert berre naturleg å føle seg såra
når ein segjer stygge ord åt deg når du prøvde ditt beste
eg strekk ikkje til då

di siste melding
som om du ville segja det alltid
ein tanke famnar æva slik som eg ein gong famna deg
eg tegjer

eg hev leksor eg ikkje kan fokusere meg på
eg eig ikkje boti på rauvi
du hev teke alt frå meg når gjev du det att

eg gjer meg so lita som mogleg
slik at stormen må gange over
so lita kan eg likevel ikkje vera
det vert vondt

kva skjer når eg likar deg so høgt
når du synest at eg er til bry

ser du det eg ser
ser eg det du ser

det gjekk ei stund no føler eg meg skyldug
eg var vel lite grann galen
men eg fortente vel ikkje eit slikt svar frå deg
ord kan vera vakre men òg stygge

pip-pip!
eg er Appelsin
klokka veks fram i det eg prøver å gløyme dine ord
kanskje stend du ikkje for det du sagde
du øydela hjarta mitt og vil ikkje beklaga deg
kva no
kva so

veka som gjekk

no føler eg meg skyldug for at eg skreiv det der
det du hev nettopp lese
for eg likar deg so mykje
om nokon fekk deg til å slutte å smile
då ville eg suse ut og taka hen
slepe hen med øyra
lære hen ei leksa

men det kan eg ikkje gjera
eg kan faen meg ikkje eingong klemme deg
eg saknar ditt omfamn
eg kjem til å huske det for alltid

pip-pip!
eg er Appelsin
klokka veks fram i det eg grublar og tenkjer
du kan ikkje bera meg noko meir enno
eg kan ikkje klemme deg noko meir enno
den undersjøiske leidningi forbyd det
synd

kva vart det av det

tidi gjeng forbi uansett
eg er din uansett kva som skjer
me er jo venar
men du hev andre
og eg hev berre deg
kjære ole

pip-pip!
eg er Appelsin
klokka veks fram i det eg skriv dikt for å distrahere meg sjølv
om eg gav oss tvo andre namn skulle du kjend igjen di historia
vøre du sint

eg er trass alt Appelsin


Dette diktet er skreve på høgnorsk. Vennligst send inn forslag om retting dersom du øygjer noko gale.